«Kulturkyrkja og pilegrimskyrkja»

Vi opplever i dag ei aukande interesse for kulturaktivitetar i kyrkjene og for religiøse kulturuttrykk i samfunnet.

Kyrkjene er ein av dei mest brukte kulturarenaene i Norge i dag og den som i dei siste åra har vakse mest i bruk. Samstundes ser vi ei ny interesse for gamle religiøse tradisjonar som pilegrimsvandring.

«Kulturkyrkja og pilegrimskyrkja» er ein rapport frå KIFO-seminaret 2009 som såg desse to trendane i samanheng som eit uttrykk for ein ny «kulturalisering» av kyrkja.