Tid: måndag 25. november 2019. 9.30–16.00
Stad: Sentralen, Øvre Slottsgate 3, Oslo. Forstanderskapssalen.

Fleire teikn tyder på den norske nattverdspraksisen er under endring. Forma på nattverden endrar seg frå knelenattverd rundt ein altarring, til intinksjon (eller «duppenattverd») på stasjonar i kyrkjerommet. Bruken har endra seg frå å vere eit sakrament som berre blei sjeldan brukt, til å bli eit fast ledd i hovudgudstenestene. Og nattverdsgjestene har forandra seg frå å vere berre dei «vedkjennande» kristne, til å bli ei meir samansett gruppe der også dei som tviler og ikkje veit heilt kva slags kristne dei er, deltek.

På dette seminaret vil vi sjå nærare på kva desse endringane representerer. Vi vil setje dei inn i ein historisk samanheng ved å sjå dei i høve til tidlegare store endringar i den norske nattverdstradisjonen. Vi vil drøfte mogelege forklaringar på dei endringane vi no ser og drøfte konsekvensar av endra nattverdpraksis. Er nattverden på veg tilbake til folket, å bli eit folkekyrkjeleg ritual på linje med dåp og konfirmasjon? Korleis vil desse endringane prege norsk gudstenesteliv og utfordre kyrkjesamfunna sin nattverdsteologi?

Bakgrunnen for seminaret er at KIFO (Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking) i 2019 har samla inn ny empirisk kunnskap om korleis nattverd blir praktisert, kor mange og kven som går til nattverd, og om korleis barn sin tilgang til nattverd har påverka nattverdstradisjonen.

Seminaret blir arrangert av KIFO i samarbeid med Bispemøtet i Den norske kyrkja.

Program

Opning av seminaret ved Christofer Solbakken og Ånund Brottveit

«Den norske nattverdstradisjonen i endring». Introduksjon av temaet og seminaret

Arne Bugge Amundsen: «Då alle gjekk til nattverd: Om den statsstyrte og kollektive nattverdstradisjonen».

Bjørn Sandvik: «Det store nattverdfallet»

Ola Tjørhom: «Katolsk og luthersk nattverdspraksis: likskapar, skilnader, utviklingstrekk».

Ingunn Folkestad Breistein: «Kampen for fri nattverd. Nattverdtradisjonen i frikyrkjesamfunn og lågkyrkjelege miljø».

Ingvild Sælid Gilhus: «Nattverden i eit ritualperspektiv»

Olaf Aagedal: «Opninga av nattverd for barn – barns opning av nattverden»

Tore W. Rafoss: «Nattverdsgjestene 2019. Kor mange og kven er dei?»

Herborg Finnset: «Erfaringar med drop-in-nattverd».

Panelsamtale om endringar i nattverdspraksisen: Kva er i ferd med å skje? Tolkingar og vurderingar av endringane.

Panel: Helga Byfuglien, Svein Granerud, Sevat Lappegard, Silje Kivle Andreassen

Panelleiar: Jan Arild Holbek

Møteleiarar: Christofer Solbakken og Ånund Brottveit

Kulturinnslag: gamle og nye nattverdssalmar framført av Torhild L. Nygård (vokal), Ådne Svalastog (piano) og Torstein Kinn (kontrabass).

Om innleiarane og paneldeltakarane:

Arne Bugge Amundsen er professor i kulturhistorie ved Universitetet I Oslo

Ingunn Folkestad Breistein er professor og rektor ved Ansgar Teologiske Høgskole

Ånund Brottveit er antropolog og forskningssjef vwed KIFO

Helga Byfuglien er preses i Den norske kirke

Herborg Finnset er biskop i Nidaros

Ingvild Sælid Gilhus er professor i religionshistorie ved Universitet i Bergen

Svein Granerud er teolog og seniorrådgjevar i NORMISJON

Jan Arild Holbek er freelancer og tidlegare journalist i Vårt Land

Silje Kivle Andreassen er sokneprest i Holmlia menighet

Sevat Lappegard er teolog og tidlegare prost på Elverum

Christofer Solbakken er teolog og generalsekretær for Bispemøtet

Tore W. Rafoss er sosiolog og forskar ved KIFO

Bjørn Sandvik er kyrkjehistorikar og prest

Ola Tjørhom er teolog og professor emeritus ved Universitetet i Agder

Olaf Aagedal er sosiolog og forskar ved KIFO

Musikarar

Torstein Kinn er bassist og freelance-musikar

Torhild Nygård er songar og student

Ådne Svalastog er kantor i Kvinesdal

Praktiske opplysningar
Seminaret er ope for alle, men vi særleg vere av interesse for kyrkjeleg tilsette, studentar og tilsette ved teologiske fakultet og høgskolar, religionsforskarar, historikarar og media.

Seminaret skal foregå i Forstanderskapssalen i Sentralen som ligg sentralt i Oslo. Adressa er Øvre Slottsgate 3, næraste T-banestasjon er Stortinget og trikk 12, 13, 15 og 19 stoppestad Øvre Slottsgate.

Seminaravgift kr 300 (som inkluderer ein enkel lunsj). Halv pris for studentar.
Påmeldingsfrist 9. november.
Spørsmål om seminaret kan rettast til: Olaf Aagedal (program): aagedal@kifo.no. Tlf: 99168600
Ina Holmstad (påmelding mm): ina.holmstad@kifo.no Tlf: 23334720

VELKOMEN TIL EIN INTERESSANT SEMINARDAG PÅ «SENTRALEN» 25.NOVEMBER!