Ni av ti muslimer mener det bør være full likestilling i hjemme

Omtalelse av KIFO undersøkelsen blant norske muslimer i Vårt Land:

«Det er Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning (Kifo) som har gjennomført ei ny, stor undersøking blant norske muslimar. Eller for å vera eksakt, blant personar i Noreg som oppgjev å ha religiøs tilhøyrsel til islam.

821 personar i denne kategorien har svart på ei rekkje spørsmål og påstandar. Det strekkjer seg frå syn på abort og homofili, til kor ofte ein ber og kva ein tenkjer om astrologi. Og altså om likestilling.
Ein av påstandane folk har skulle tatt stilling til er: «Partnarar bør dela ansvaret for husarbeid og barneoppseding likt». Dette har ni av ti respondentar svara at dei er einige, eller heilt einige i.

I 2019 gjorde Kifo ei liknande undersøking blant majoritetsbefolkninga i Noreg og blant personar med religiøs tilhøyrsel til kristne trussamfunn. Dei har samanlikna tala, og dei viser at færre i desse gruppene er einige eller heilt einige i påstanden om likestilling på heimebane»

Vårt Land, 20.03.2023