I denne artikkelen skriver KIFO forsker Olaf Aagedal om soknerådet si rolle i tida etter ein kyrkjebrann. Å studere eit fenomen i ein unntakssituasjon kan verke ulogisk. Man er vel mest interessert i korleis soknerådet fungerer i normale tider? Men å studere eit fenomen i ein unntakssituasjon bygger på ei metodiske erfaring. Mykje av det som omgjev oss er vi blitt så vant med at vi ser det ikkje og forstår ikkje kva det betyr i liva våre. Først nå det er borte blir vi klar over kva vi hadde og blir i stand til å setje ord på kva det betydde. Slik ser det også ut til å vere når ei kyrkje brenn. Først då ser mange kva betydning kyrkjestaden og kyrkjebygget hadde for staden der dei bur og for deira kontakt med det heilage. Og då blir dei opptekne av å bøte på skaden og finne ut korleis det kan skje. Då oppdagar dei kanskje at det finst noko som heiter soknemøte, sokneråd og kyrkjeleg fellesråd som kan ha makt over viktige sider ved liva deira.

Artikkelen kan leses her