Statsborgarseremoniar i Skandinavia. Olaf Aagedal (red)

Denne boka skildrar dei nye statsborgarseremoniane i Skandinavia, drøftar bakgrunnen for at dei er blitt innførte og set fenomenet inn i ein internasjonal samanheng.

Forsidebilde av bokI 2007 innførte Noreg ein statsborgarseremoni. Den nye norske seremonien er ein del av ei skandinavisk og internasjonal «seremonibølgje». Ny statleg seremoni er ikkje kvardagskost og har skapt kjensleladd diskusjon. Kva slags seremoni er dette, kvifor kjem den no, kven sine behov er den retta mot? Er den eit reiskap for tvangsintegrering eller ein velkomstfest og ei markering av ein viktig overgang i livet? Boka viser også korleis dei nye seremoniane kan tolkast som eit svar på multikulturalisme-utfordringa, som eit slags lim i samfunn med aukande etnisk og kulturelt mangfald.

Bidragsytere: Olaf Aagedal, Grete Brochmann, Tine Damsholt, Anniken Hagelund, Cecilia Hammarlund-Larsson, Hanne Cecilie Kavli, Kaja Reegård.

Boka er utgitt på UNIPUB.