Ny KIFO-rapport: «Då barna opna nattverden». Ein studie av barnenattverd i Den norske kyrkja

I 1993 vart aldersgrensa for nattverdgang fjerna og barn fekk tilgang til nattverd. I KIFO-rapporten Då barna opna nattverden ser vi nærare på kva dette førte til. Kor vanleg er det blitt at barn deltek i nattverd? Korleis reagerer barn på å delta? Har barn si deltaking påverka forma på nattverdsfeiringa og dei vaksne sin bruk og oppleving av nattverden? Rapporten ser særleg på korleis trusopplæringsarbeidet i Den norske kyrkja har teke i bruk barnenattverd. Resultata bygger på feltarbeid i to eksempelkyrkjelydar og eit spørjeskjema sendt til trusopplæringstilsette. Innføringa av barnenattverd blir også sett inn i ein vidare historisk og kulturell samanheng ved å sjå på endringane i norsk nattverdstradisjon fram mot barnenattverd. Rapporten si hovudtese er at opninga av nattverden for barn, har vore med og opna den norske nattverdspraksisen. Prosjektet er gjennomført av KIFO-forskarane Olaf Aagedal, Ånund Brottveit og Tore W. Rafoss, og finansiert gjennom utviklingsmidlar frå Trusopplæringsreformen.

 

Trykt versjon kan bestilles på kifo@kifo.no for 100,- + porto.

Hele rapporten kan lastes ned her.