«Nattverden tilbake til folket?» Et seminar om endringar i den norske nattverdpraksisen.

Tid: måndag 25. november 2019. 9.30–16.00
Stad: Sentralen, Øvre Slottsgate 3, Oslo. Forstanderskapssalen.

Fleire teikn tyder på den norske nattverdspraksisen er under endring. Forma på nattverden endrar seg frå knelenattverd rundt ein altarring, til intinksjon (eller «duppenattverd») på stasjonar i kyrkjerommet. Bruken har endra seg frå å vere eit sakrament som berre blei sjeldan brukt, til å bli eit fast ledd i hovudgudstenestene. Og nattverdsgjestene har forandra seg frå å vere berre dei «vedkjennande» kristne, til å bli ei meir samansett gruppe der også dei som tviler og ikkje veit heilt kva slags kristne dei er, deltek.

På dette seminaret vil vi sjå nærare på kva desse endringane representerer. Vi vil setje dei inn i ein historisk samanheng ved å sjå dei i høve til tidlegare store endringar i den norske nattverdstradisjonen. Vi vil drøfte mogelege forklaringar på dei endringane vi no ser og drøfte konsekvensar av endra nattverdpraksis. Er nattverden på veg tilbake til folket, å bli eit folkekyrkjeleg ritual på linje med dåp og konfirmasjon? Korleis vil desse endringane prege norsk gudstenesteliv og utfordre kyrkjesamfunna sin nattverdsteologi?

Bakgrunnen for seminaret er at KIFO (Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking) i 2019 har samla inn ny empirisk kunnskap om korleis nattverd blir praktisert, kor mange og kven som går til nattverd, og om korleis barn sin tilgang til nattverd har påverka nattverdstradisjonen.

Seminaret blir arrangert av KIFO i samarbeid med Bispemøtet i Den norske kyrkja.

 

Førebels program (programmet blir oppdatert på KIFO sine heimesider: www.kifo.no)

«Den norske nattverdstradisjonen i endring». Introduksjon av temaet og seminaret

Arne Bugge Amundsen: «Då alle gjekk til nattverd: Om den statsstyrte og kollektive nattverdstradisjonen».

Bjørn Sandvik: «Det store nattverdfallet»

Ola Tjørhom: «Katolsk og luthersk nattverdspraksis: likskapar, skilnader, utviklingstrekk».

Ingunn Folkestad Breistein: «Kampen for fri nattverd i frikirkelighet og lavkirkelighet»

Ingvild Sælid Gilhus: «Nattverden i eit ritualperspektiv»

Olaf Aagedal: Opninga av nattverd for barn – barns opning av nattverden

Tore W. Rafoss: Nattverdsgjestene 2019. Kor mange og kven er dei?

Herborg Finnset: Erfaringar med drop-in-nattverd

Panelsamtale om endringar i nattverdspraksisen: Kva er i ferd med å skje? Tolkingar og vurderingar av endringane.

Kulturinnslag: gamle og nye nattverdssalmar framført av Torhild L. Nygård (vokal), Ådne Svalastog (piano) og Torstein Kinn (kontrabass).

 

Om innleiarane:

Arne Bugge Amundsen er professor i kulturhistorie ved Universitetet I Oslo

Ingunn Folkestad Breistein er professor og rektor ved Ansgar Teologiske Høgskole

Herborg Finnset er biskop i Nidaros

Ingvild Sælid Gilhus er professor i religionshistorie ved Universitet i Bergen

Tore W. Rafoss er sosiolog og forskar ved KIFO

Bjørn Sandvik er kyrkjehistorikar og prest

Ola Tjørhom er teolog og professor emeritus ved Universitetet i Agder

Olaf Aagedal er sosiolog og forskar ved KIFO

 

Praktiske opplysningar

Seminaret er ope for alle, men vi særleg vere av interesse for kyrkjeleg tilsette, studentar og tilsette ved teologiske fakultet og høgskolar, religionsforskarar, historikarar og media.

Seminaravgift kr 300 (som inkluderer ein enkel lunsj). Halv pris for studentar.

Påmeldingsfrist 1. november. Påmelding her.

Spørsmål om seminaret kan rettast til:

Olaf Aagedal (program): aagedal@kifo.no. Tlf: 99168600

Ina Holmstad (påmelding mm): kifo@kifo.no Tlf: 23334720

 

VELKOMEN TIL EIN INTERESSANT SEMINARDAG PÅ «SENTRALEN» 25. NOVEMBER!

 

Skriv ut