Magnar Hjertenæs: Arbeid og meining. Om strukturelle, kulturelle og individuelle tilhøve som påverkar det kyrkjelege arbeidsmiljøet.

Den norske Kyrkja har dei seinare åra opplevd fleire djuptgripande konfliktar mellom personar som er tilsette i kyrkja. Nokre av desse sakene har hamna i rettsalen, medan andre har vore bretta ut gjennom reportasjar i massemedia. Samstundes opplever vi at dei tilsette klagar over stress, tidspress og vanskelege arbeidstilhøve. For ein del personar vert det sjukemeldingar og lange permisjonar. For andre vert det skifte av arbeidsstad eller skifte til eit anna yrke. Arbeidsmiljøet har mange stadar manglar både når det gjeld dei ytre, fysiske tilhøva, og når det gjeld dei sosiale eller psykososiale tilhøva. Men det er vanskeleg å få tak på omfanget av, årsakene til og samanhengen mellom dei ulike problema. Dermed vert det også vanskeleg å arbeide med førebyggande tiltak.

Denne rapporten er eit resultat av eit prosjekt som har fokusert på arbeidsmiljøet for kyrkjeleg tilsette i Møre bispedøme, og baserer seg i hovudsak på intervju med alle tilsette i seks kyrkjelege stabar. Problemstillinga kan kort formulerast slik: Kva faktorar eller tilhøve er det som skapar gode arbeidsmiljø for dei kyrkjeleg tilsette? Med faktorar og tilhøve tenkjer vi særleg på tilhøve i strukturane og rammevilkåra for dei tilsette sitt arbeid, på tradisjonar, rutinar og meir kulturelt avhengige tilhøve. I undersøkinga la vi difor mykje vekt på å få fram kva som gjer, eller ville gjere, kyrkjelyden til ein god arbeidsplass.

Rapporten vert avslutta med eit kapittel som ser nærare på dei største utfordringane for stabane og kjem med konkrete framlegg til tiltak som kan settast i verk for å hjelpe stabane til eit godt arbeidsmiljø.