Hallgeir Elstad: I dialog. Norske Kyrkjeakademi 1956-2006

Denne boka er ei framstilling av historia til norsk kyrkjeakademirørsle. Det byrja med ei bibelgruppe på Bygdøy i Oslo, men etter ei tid grodde det fram eit større arbeid med føredrag og konferansar. Skjeringsfeltet mellom kyrkja og den allmenne kulturen har vore røyrsla sin «stad» heilt frå byrjinga. Målet har vore å skape eit forum for open og fordomsfri samtale og dialog om aktuelle spørsmålsstillingar i tida. Pionergenerasjonen var oppteken av at kyrkja ikkje måtte isolere seg, men gå i dialog med samtida.

Den formelle skipinga av Norsk Kyrkjeakademi skjedde 29. oktober 1956. Såleis har Norske Kyrkjeakademi femti års jubileum i 2006. Femti år er inga lang historie, men det er ei viktig historie, ikkje minst for kyrkja og kontakten med samfunnet og kulturen. Dei ideala verksemda har arbeida etter gjer «I dialog» til ein treffande tittel på ei bok om kyrkjeakademirørsla i Noreg.