Olaf Aagedal: Bedehusfolket Ein studie av bedehuskultur i tre bygder på 1980- og 1990-talet

Dette er boka om bedehuset og folket som held til der. Vi møter bedehusfolket i tre bygder tidleg på 1980-talet: Drabantbygda har opplevd stor tilflytting og bedehusfolket strevar med å finne fotfeste i det nye bygdemiljøet. I Bygdebyen er bedehusmiljøet prega av generasjonsspenningar og eit aukande mangfald, medan Bondebygda nyleg har opplevd ei stor vekking på bedehuset.

14 år seinare, på slutten av 1990-talet, møter vi igjen dei same bedehusmiljøa og får vite korleis det har gått med vekkinga, generasjonsspenningane og med kontakten med bygdemiljøet. Skildringa av bedehuskulturen i dei tre bygdene blir også sett inn i ein vidare historisk og kultursosiologisk ramme.

Boka vender seg både til lesarar som held til på bedehuset, – og til lesarar som aldri har vore der. Den vil særleg vere av interesse innan fagområda sosiologi, antropologi, folkloristikk og teologi.

Olaf Aagedal er sosiolog og 1. amanuensis ved Forskningsavdelinga ved Diakonhjemmets Høgskole(DIAFORSK). Boka bygger på eit prosjekt ved DIAFORSK i samarbeid med KIFO.

Avhandlingen er gitt ut i samarbeid med DIAFORSK. KIFO Perspektiv nr. 12 er en doktoravhandling innlevert ved Det Teologiske Fakultet. Disputas var 8. februar 2003.

ISBN 82-519-1829-4. 557 sider. Januar 2003. Kr. 480,-. Tapir Akademisk Forlag.
Boken kan bestilles fra kifo@kifo.no